Tor Vidar Espevoll søkte etter ein sterk og stabil traktor, og i CLAAS ELIOS 240 fant han egenskapane han ønska.
TEKST: Espen Syljuåsen, FOTO: Fotograf Nordtveit
Tysvær, Rogaland
På eit småbruk i Tysvær, aust for Haugesund, driv Tor Vidar Espevoll med sau, i tillegg til sin fulltidsjobb som maskinførar på anlegg. 42-åringen er tredje generasjon på bruket, og har sidan barns ben hatt ei stor maskininteresse, noko som blant anna kjem til uttrykk i mange maskinhandlar.
– ELIOS-en blir traktor nummer 15 i rekka, så det har vore ein del pengar som har gått i traktor, smilar vestlendingen.
Mykje stein og røys, litt dyrka
Produksjonstilskotsøknaden seier at eiendommen tel 195 dekar godkjend for arealtilskot, og av dette er kun 25–30 dekar dyrka. Resten er det Tor Vidar karakteriserar som skranten jordsmonn og lynghei.
– Jeg overtok då jeg var 19 år, men har hatt sau sidan jeg var 7. Per dags dato har vi 47 vinterfôra, etter at vi halverte flokken i fjor, fortel sauebonden, som har valgt rasen Svartfjes.
– Dyra går ute hele året, og vi fôrar dei ute per i dag, men har planar om å laga eit fôringssystem inne for å få betre utnyttelse av fôret.
Kraft og framkommelighet
Når han denne gong var på utkikk etter ny traktor var det meir hestekreftar og stabilitet han såg etter.
– Eg ville ha godt drag og godt med hestar, så den kunne brukast til større arbeidsoppgaver som kjøring med dumperhengar og møkkatanken. I tillegg ville eg ha noko å «tæra på» i ulendt terreng, så eg valgte tvilling, både for å spara jorda, men også for komfort og stabilitet, framhevar Tor Vidar.
Han fortel at det ikkje er grenser for kor han kjem seg fram med den breiale doningen.
– Enten så går det eller så går det ikkje, men enn så lenge har det gått bra!
Ned med veltebøylen
Den 103 hestekreftar sterke traktoren er levert utan hytte, noko Tor Vidar var heilt klar på heilt frå starten av kjøpsprosessen.
– Jeg har mange gamle bygninger med små og låge dører, for eksempel løa jeg restaurerte då eg overtok, forklarar Tor Vidar.
Nokre grindar gjenstår å tilpassa, elles kjem han seg nå fram dei fleste stader, sjølv med tvillingshjula på. Det same gjer han faktisk på den nevnte løa.
– Det var rein flaks, glisar Tysværbonden, som må ned med veltebøylen for å koma inn i enkelte bygningar.
Trekker godt
Sjølv kosar han seg som CLAAS sjåfør, og framhevar at traktoren er både lettkjørt og «seig».
– Det er god trekkraft i forhald til eigenvekta på traktoren, og motoren er veldig «seig». Dett den ned på turtall kjem den seg fort opp igjen, og drivstofforbruket er utruleg lågt. Ellers er det veldig god løftekapasitet.
Uten tvillinghjula er egenvekta oppgitt til snaue 3,3 tonn, så med fire ekstra hjul reknar Tor Vidar at traktoren veg nærare fire tonn. Vekta kjem truleg godt med når han til våren skal ut med møkkavogna, som frå i fjor har blitt oppgradert frå fire til seks kubikk.
– Nå har eg ein Moi X5 som eg så vidt har testa etter veg, men eg er spent på korleis det blir å dra den rundt på kulturbeita. Etter veg drog i alle fall traktoren vogna som hakka møkk. Vi kjørte ifrå ein 130 hestars traktor med ni kubikk vogn som berre det, så eg er overraska over at den gjekk så godt!
Manglar ikkje på ekstrautstyr
Å kjøpa ein etter dagens målestokk relativt liten traktor treng ikkje bety at ein ikkje får ein traktor med mykje utstyr, og Tor Vidar poengterar at ELIOS-en har mykje av det same utstyret som større traktorar.
– I tillegg har eg montert mykje ekstrautstyr, så det manglar ikkje på noko! kamera og lys på lastaren for å sjå gaflane betre, ekstra hydraulikkuttak bak så jeg har totalt fem dobbeltvirkande, og hydraulisk avvatring på trekkarmane, for å nevna noko.
Sistnevnde kjem særleg til nytte når han skrapar veg eller brukar rundballeløftar eller pallegaffel, for som Tor Vidar påpeikar;
– Det er ikkje beint der eg bur, men avvatringa gjer kvardagen enklare.
God oppfølging
Traktoren har bra med utstyr også fra fabrikk: kløtsjfritt vendegir, turtallsminne, krabbegir og svingbare framskjermar.
– Nå ville jeg berre ha ein traktor, ikkje to, men ELIOS-en var det dyraste alternativet. Men så var Asbjørn litt «på» – han var gira, og CLAAS verka spanande. Eg har handla litt brukt fra Velde Maskin tidlegare, og har god erfaring med at dei har stilt opp når eg har ønska det, så då ville eg prøva CLAAS.
– Erfaringane mine så langt er veldig gode. Eg har fått god service og Velde Maskin har holdt det dei har sagt, så det skal dei ha kreditt for. Det er jo servicen vi ser på, dei fleste av oss.