Hopp til innhold
  • Aktuelt
  • Kampanjer
  • Produktomtaler
  • Kundereferanser
    • CLAAS grashøsteutstyr
    • CLAAS traktor
    • CLAAS tresker
    • Horsch
    • Multiva
    • Lemken
    • Øvrige redskapsmerker
  • Kontakt oss
Meny
  • Aktuelt
  • Kampanjer
  • Produktomtaler
  • Kundereferanser
    • CLAAS grashøsteutstyr
    • CLAAS traktor
    • CLAAS tresker
    • Horsch
    • Multiva
    • Lemken
    • Øvrige redskapsmerker
  • Kontakt oss
Søk
Close this search box.

Driv mangesysleri på garden og tilbyr skuleelevar ein annleis skuledag

På Haugen gard i Vindafjord er det både skule og gardsdrift i full produksjon.

Austrheimsbygda, Skjold i Vindafjord

Ulike fuglar, hestar og hundar, geiter og sauer, slaktegris, melkekyr og ammekyr. På Haugen gard er det mange munnar å metta, og det har sitt formål. 30 elevar kjem nemleg kvar veke for å få eit pusterom frå skulebenken.

– Haugen Gardskule er eit tilbud for grunnskulane i Vindafjord og Etne. Eit opplegg kor elevar som ikkje alltid finn seg tilrette i A4-skulen får vera med på garden, kor me kan tilby lite teori og mykje praktisk og sosial læring. Alt i fra å stelle dyr til forefallande gardsarbeid, turar i skogen, hogge ved, snekring, mekking og mykje anna, forklarar Jan Idar Haugen, som driv det heile saman med kona Kari Synnøve Velde Haugen.

Haugen gard var tidleg ute med melkerobot, då dei i 2007 bygde nytt lausdriftsfjos nokre steinkast unna tunet.

Slått i eigen regi

Saman har paret fem barn, og når AgroNytt svingar innom i fyrsteslåtten er både Olav Johan (21) og Helene (18) med og kjøyrer.

– Ungane har vakse til og ville vera med meir i drifta. Derfor valgte me for tre år sidan å investera i eige utstyr. Først ei presse som me nå har fornya, så ei spreierive saman med naboen og så ein brukt slåmaskin, forklarar Jan Idar.

«Det er utruleg viktig å få tørt fôr, og mest mogleg tørrstoff i ballane. Nå har det vore råflott tørk, men det er ikkje alltid det, så eg synes det er bra om me kjem ut med 30 prosent».

– Det var veldig behageleg å berre sanka ballar, men nå styrer me meir sjølve. Det er jo sine fordelar det og. Me kan legge opp haustinga betre til vêr og vind.

«Eg vil ha bra med protein, men også volum. Så eg er ikkje blant dei første som slår, for me treng mengda og», sier Jan Idar, som her står saman med sonen Olav Johan.

Til garden høyrer 270 dekar dyrka mark, som dei som regel slår anten tre gonger, alternativt to gonger kombinert med beiting.

– Me presser cirka 1 000 rundballar sjølv. Så har me ein samdriftsdeltakar som produserar fôr for oss, og avtale med to til, så fôrgrunnlaget er godt og vel 500 mål. Det er ikkje noko ulykke å kjøpa tenester eller fôr av andre, for utfordringa her er at det er mange og små teigar, og vinduet til å hausta er lite, sier Jan Idar.

Ved fornying av eng sår dei som regel Spire Pluss 10, men dei har og hatt noko reint raigras og raisvingel. «Det er mykje hjort nokon plassar, og hjorten er ikkje så glad i raisvingel», erfarar Jan Idar, som brukar Kofasil som ensileringsmiddel.

Tørrstoffprosenten ynskjer han høg, og i uvanlig stabilt vêr blei iallefall årets førsteslått ein innertier etter Jan Idars ønske.

– Eg vil ha færrast mogleg rundballar. Det er derfor eg har tørka graset så mykje, for å spara både arbeid og plastikk, kommenterar han mens han pakkar ball etter ball.

Tre dagar i veka tek Haugen gard imot skuleelevar. «Dei har gjerne ein dag i veka her hos oss, og får eit pusterom så det vert enklare å takla resten av skuleveka», forklarar Jan Idar, som legg til at dei har ein heiltidsansett gardsarbeidar, ein lærar i full stilling og nokre ungdommar og eigne ungar som er med og hjelper til.

14 000 timer utan feil

Mens sonen Olav Johan pressar er det senior som er pakkeansvarleg, og arbeidet føregår med ein stasjonærpakkar.

– Me har leigd pressing tidlegare, men har no kjøpt oss singelpresse og pakkar. Min filosofi er å køyre med lett utstyr, så sjølv om det blir fleire operasjonar, klarar me halde vekta nede. På pressa valgte me 710-hjul, og eg trur me har igjen for det.

«Den har ikkje lata seg, det har den ikkje. Men den trengde avløysing», kommenterar Jan Idar om CELTIS’en som har passert 14 000 timar. Traktoren har i hovedsak vore brukt som lastartraktor, til møkkakjøyring både i pumpe og med stripespreiar, og til tilhengarkjøyring.

Lastartraktoren han lastar pakkaren med er ein CLAAS CELTIS 456 fra 2008, ein traktor Jan Idar i si tid kjøpte ny, og som nå har tikka inn meir enn 14 000 timer.

– Den er det start på flere gonger om dagen, kvar dag hele året. Utanom nokre småting har det ikkje vore tull med den i det hele tatt, og den har fungert som hovudtraktoren vår helt til for fire år sidan.

God, lokal oppfølging

Arvtakaren heiter ARION 440, ein 120 hestars traktor som Jan Idar kjøpte hjå den lokale forhandlarne Velde Maskin.

– Me treng  ikkje dei største traktorane, så me valgte ein hendig traktor i passeleg størrelse for oss. Pressa taklar den veldig fint, erfarar Vindafjord-bonden.

Til førsteslåtten fekk familien Haugen levert ei ny CLAAS ROLLANT 540 RC, som her er i aksjon ved Vatsvatnet. «Pressa har fungert veldig bra», seier Jan Idar når me ringer nokre dagar etter at førsteslåtten er ferdig.

At det blei gjenvalg av CLAAS forklarar han med dei gode erfaringane med CELTIS-en, kombinert med god service lokalt.

– Det er gode traktorar, men at det blei CLAAS igjen handlar mest om dei som forhandlar CLAAS. Gjengen hos Velde Maskin forstår kva me har behov for, og dei veit kva det dreiar seg om. Så er det jo et pluss at dei er så nære, men eg likar måten dei løyser oppgava, med service og alt.

default
Haugen gard var tidleg ute med melkerobot, då dei i 2007 bygde nytt lausdriftsfjos nokre steinkast unna tunet.
Til førsteslåtten fekk familien Haugen levert ei ny CLAAS ROLLANT 540 RC, som her er i aksjon ved Vatsvatnet. «Pressa har fungert veldig bra», seier Jan Idar når me ringer nokre dagar etter at førsteslåtten er ferdig.
default
default
default
DSC07630
DSC07633
DSC07635
«Den har ikkje lata seg, det har den ikkje. Men den trengde avløysing», kommenterar Jan Idar om CELTIS’en som har passert 14 000 timar. Traktoren har i hovedsak vore brukt som lastartraktor, til møkkakjøyring både i pumpe og med stripespreiar, og til tilhengarkjøyring.
DSC07641
DSC07698
DSC07700
«Det er utruleg viktig å få tørt fôr, og mest mogleg tørrstoff i ballane. Nå har det vore råflott tørk, men det er ikkje alltid det, så eg synes det er bra om me kjem ut med 30 prosent».
DSC07704
DSC07706
DSC07710
«Eg vil ha bra med protein, men også volum. Så eg er ikkje blant dei første som slår, for me treng mengda og», sier Jan Idar, som her står saman med sonen Olav Johan.
DSC07860
Ved fornying av eng sår dei som regel Spire Pluss 10, men dei har og hatt noko reint raigras og raisvingel. «Det er mykje hjort nokon plassar, og hjorten er ikkje så glad i raisvingel», erfarar Jan Idar, som brukar Kofasil som ensileringsmiddel.
Få tilbud

Haugen gard, Skjold i Vindafjord kommune
Drives av Kari Synnøve og Jan Idar Haugen
270 dekar dyrka mark, eigd og leigd
Cirka 400 dekar gjødsla beite
Fjellbeiter til sauene i Sauda
Melkekvote på 540 000 liter
65 årskyr og 200 storfe totalt
100 vinterfôra sau
170 slaktegris per innsett, 6-700 årlig
«Nokre» ammekyr for å utnytta beiteareal

Få tilbud

Fyll ut skjemaet for å bli kontaktet av din nærmeste forhandler.

Få AgroNytt helt gratis!

Få ferske nyheter, inspirerende kundereportasjer og nyttige produktomtaler direkte i innboks! Abonner på AgroNytt helt gratis

Registrer din epostadresse her:

Publisert: 13. august 2023

Suksessrik høstrapsdebut for familien Holme

Høstet tett på 500 kilo per dekar med Mercedes høstraps.
Les mer

Publisert: 5. august 2023

Fra DOMINATOR til nye EVION

Hør førsteinntrykket Lars Gunnar Molvig har av sin nye tresker.
Les mer

Publisert: 4. august 2023

Solide erfaringer med landets travleste tresker

Hør hvorfor Kjølsrød Drift ikke ønsker å gå bort fra verken belter eller rotorer.
Les mer

Publisert: 3. august 2023

– Denne treskeren er en skikkelig fin frøtresker

Hør bakgrunnen for hvorfor Trond Stange er så fornøyd med sin CLAAS LEXION 5400.
Les mer

Publisert: 2. august 2023

Tørken i juni reduserte frøavlinga hos Hans Kristian med 1/3

Vestfold-bonden gleder seg likevel over at det ser ut til å bli betydelig bedre enn fryktet.
Les mer

Publisert: 29. juni 2023

Driv mangesysleri på garden og tilbyr skuleelevar ein annleis skuledag

På Haugen gard i Vindafjord er det både skule og gardsdrift i full produksjon.
Les mer

Publisert: 23. juni 2023

Grønnsaksdyrking i havgapet mot vest

Eirik Langåker er Haugalandets eneste kommersielle grønnsaksprodusent.
Les mer

Publisert: 22. juni 2023

Inspirert av ungenes landbruksinteresse har Ole Johan gått «all in» som presse-entreprenør

Campingplass-eier Ole Johan Valen satser på både egen gårdsdrift og i leiekjøringsmarkedet.
Les mer

Publisert: 21. juni 2023

Planlegger å bli melkebonde – satser på leiekjøring i mellomtida

Henrik Blytt har etablert Blytt Landbruksservice for å bistå sine framtidige yrkeskolleger i Sveio.
Les mer

Publisert: 20. juni 2023

Investerte i Haugalandets første CLAAS butterfly

Idar Vela Haugeberg satser på leiekjøring med effektiv slåtteekvipasje.
Les mer
Hent flere

Om AgroNytt

AgroNytt er et kundemagasin fra Norwegian Agro Machinery, utgitt på både nett og papir. Ansvarlig redaktør for AgroNytt.no er Espen Syljuåsen.

[email protected]
www.norwegianagro.no

Administrer informasjonskapsler
Vårt nettsted bruker informasjonskapsler for å gi deg den beste opplevelsen, og for å kunne gi deg forbedret og relevant innhold i vår kommunikasjon med deg. Dine preferanser er viktige for oss. Vi bruker bare de data som du gir ditt samtykke til, med unntak av nødvendige informasjonskapsler som må være tilstede for at vitale funksjoner på nettsiden skal kunne fungere.
Nødvendige informasjonskapsler Alltid aktiv
Disse informasjonskapslene er nødvendige for at nettstedets grunnleggende funksjoner skal fungere og kan ikke deaktiveres. Informasjonskapslene muliggjør gjennomføring av aktiviteter og handlinger på nettstedet som du ønsker å gjennomføre, som for eksempel å sende et kontaktskjema. Informasjonskapslenes funksjoner benyttes også til ivaretakelse av nettstedets design, sikkerhet og drift i samsvar med gjeldende regler.
Preferanser
Lagring av data eller tilgang er nødvendig for å lagre preferanser som ikke er etterspurt av abonnenten eller brukeren.
Statistikk og analyse
Disse informasjonskapslene samler inn informasjon om hvordan våre gjester bruker nettsiden, slik at vi kan måle og forbedre opplevelsen på nettstedet vårt for deg som bruker. Dette kan være hvilke sider man besøker, hvor lang tid man er inne, hvordan man navigerer på nettstedet, ol. Lagring av data eller tilgang brukes utelukkende til anonyme statistiske formål. Uten en stevning, frivillig samtykke fra din internettleverandør eller en tredjepart, kan informasjon som er lagret eller hentet for dette formålet alene vanligvis ikke brukes til å identifisere deg.
Markedsføring
Informasjonskapsler for markedsføring(fra tredjepart) samler informasjon som bidrar til at vi kan tilpasse og levere annonser med høyere relevant innhold, både innenfor og utenfor dette nettstedet, basert på dine interesser, adferd og aktive handlinger. Disse informasjonskapslene lar oss også kunne lese av resultater av de markedsaktiviteter som gjøres. I noen tilfeller kan disse informasjonskapslene innebære behandling av dine personopplysninger.
Administrer alternativer Behandle tjenester Administrer leverandører Les mer om disse formålene
Vis innstillinger
{title} {title} {title}