Årdal Landbruk og Møgedal Mek. Verkstad gjekk saman i 2020 for å stå sterkare i ein stadig tøffare marknad. No samlar dei seg også under nytt namn og profil.
– For oss var det naturleg å stå samla under eitt felles namn vidare, og det var naturleg at det blei Autagro som ein samlande paraply, fortel dagleg leiar i Årdal Landbruk, Stian Vadla.
Vidare fortel Vadla at det no også blir jobba med å presentere nye nettsider med integrert nettbutikk. Målet er å posisjonere seg i fleire marknadar.
– Me ynskjer å styrke oss i marknaden også når det gjeld nettbutikk, og ikkje minst vere konkurransedyktige på pris, fortel han.
Dagleg leiar i Møgedal Mek. Verkstad, Leif Bakka, ser positivt på namneendringa, og meiner det vil styrke begge lokasjonene i selskapet.
– Me slo oss saman for å ein sterkare regional aktør med to salsdistrikt som ligg vegg i vegg. Dette namnebytet vil styrke arbeidet vårt og gi oss ein tydelegare profil, seier han.
Begge bedriftene er nå godt i gang som forhandlar for Norwegian Agro og traktormerket Claas. Dei første traktorane er alt selde, og interessa for merket viser seg å vere god.
– Både gjennom traktortester i landbruksmedia, tilbakemeldingar frå kunder og det me har sett og hørt om eksempelvis graslinja, så står Claas høgt. Det virkar skikkeleg, og Norwegian Agro virkar til å vere ein organisasjon som ser bonden og tar kundane på alvor. Det er tillitsvekkande, og det gjer at me har lyst til å vere med på deira reise, seier Vadla.
Samarbeidet mellom dei to bedriftene går langt tilbake i tid. Geir Bakka overtok Møgedal Mekaniske Verkstad frå Knut og Asbjørn Møgedal i 2004, og i 2010 kom også brørne til Geir, Werner og Leif Bakka inn på eigarsida. Møgedal Mekaniske Verkstad starta opp i 1973 og fekk etter kvart ei avdeling i Årdal, som var grunnlaget for det som på 1990-talet vart Årdal Landbruk. Dermed er ringen på mange måtar slutta no.
Om Møgedal Mek. Verkstad
Møgedal Mekaniske Verkstad vart starta av brødrane Knut og Asbjørn Møgedal i mai 1973. I 1985 flytta verksemda inn i nye lokalar ved Bergekrossen. I 2004 vart firma seld til Geir Bakka, som har arbeidd i firmaet sidan 1980. I 2010 kom også brødrane til Geir, Werner og Leif Bakka inn på eigarsida. Firmaet har ved fleire høve blitt kåra til Årets forhandlar, og mottok i 2001 prisen for Årets Suldalsbedrift. I november 2020 kjøpte Årdal Landbruk aksjane i Møgedal Mek. Verkstad, dermed har dei to bedriftene samla seg for å stå sterkare i ein tøff marknad.
Om Årdal Landbruk
Årdal Landbruk starta som ei avdeling av Møgedal Mekaniske Verkstad heilt i byrjinga av 90-tallet. Etter ein kort tid ble eigarskapet lokalt, og Årdal Landbruk AS ble stiftet som eige selskap i desember 1993. Når Årdal Landbruk i 2020 kjøpte aksjane i Møgedal Mek. Verkstad blei på mange måtar ringen slutta. Som ein betydeleg leverandør av utstyr og maskiner til landbruket i Ryfylke skal selskapa også i fortsettinga yte service frå øvste hylle, og levere riktige produkt for dekke behova til alle dei flinke bøndene som driver jordbruk i regionen.