«Få det i orden»-gjengen har gått frå ein til elleve medarbeidarar.
Me skriv hausten 2003. Den unge og fremadstormande Asbjørn Velde startar firmaet Velde Maskin AS. Planen er å driva med reparasjon av landbruks- og anleggsmaskiner. Etter kort tid gjer Asbjørn avtale med Valtra Norge, og han blir deira servicespesialist på Haugalandet. Han kjøpar og eit romsleg og tenleg verkstadbygg like ved E134 i heimbygda Vats.
Opplæringsbedrift
I 2005 tilsette Asbjørn Leif Arne Kallestadbakken, og han blir den første av foreløpig fem lærlingar som har tatt fagbrev i bedrifta. 18 år seinare er Leif Arne framleis på plass, som verkstadleiar for ATV og småmaskiner.
Eit nytt spor
I 2009 svingar Velde Maskin inn på eit nytt spor, då bedrifta startar med sal i tillegg til service. Valtra er framleis med, men gjennom Lantmännen Maskin får dei også inn CLAAS i sortimentet. Med både traktorar og grasutstyr skal CLAAS bli ein viktig samarbeidspartnar for framtida.
Parløpet med dei to hovudleverandørane varer til 2016, då det svenske samvirkeselskapet vel å trekkja seg ut av Norge. Kor går vegen då vidare?
Satsa i ein utfordrande tid
Svaret på gir Asbjørn i et intervju med Traktor.no, der tittelen er «Velde Maskin satser til tross for krevende framtid».
– Vi gir slipp på Valtra som har hatt en høyere markedsandel enn CLAAS, så for traktorsalget forsvinner jo noe ut av butikken, per i dag, vel å merke. Det blir en øvelse å få markedsandelen opp, men det tror jeg skal gå fint.
Å lykkes med traktorsalet blir prioritet nummer én, og Asbjørn argumenterer for at de har gode forutsetninger for å nå dit de vil.
– Våre verkstedfolk har god kompetanse og erfaring, og de har den rette optimismen og viljen i forhold til endringen vi skal gjennomføre nå. Slik sett er det enkelt å motivere seg for å satse, til tross for nye rammebetingelser. Hos Velde Maskin ser vi nå bare muligheter i framtiden og gleder oss til å komme i gang, uttaler en framoverlent Asbjørn Velde.
Sju år seinare kan ein slå fast at mykje har gått i retninga Asbjørn og de tilsette har jobba for. Salet av CLAAS traktor løfta seg raskt, og merket har gjennom de siste åra kjempa om posisjonen som marknadsvinnar på Haugalandet.
Kjent slagord
I omstillingsprosessen dukka det opp eit slagord. Eit slagord som mange knyter til Velde Maskin, berre ved å sjå eller høyra det.
– «Få det i orden» fann vi på i omstillingsprosessen i 2016, og i det ynskjer me å vise våre kundar at me ikkje gir opp, men at me tek ansvar. Alle mann er sitt ansvar bevisst, dei har høg kompetanse og solid erfaring. «Ikkje noko snakk, berre fiks det», forklarte Asbjørn i et nytt intervju med Traktor i 2019.
300 på nyåpning
Same år var det duka for nok ei stor endring, for etter mange års vekst hadde dei rett og slett vakse ut av den opprinnelige lokasjonen. Ferda gjekk vidare til Knapphus, der eit større verkstadlokale, butikk og delelager ble innreida for dei nå ni tilsette.
Opningsarrangementet i februar 2020 trakk om lag 300 besøkande, og samen med storebror Harald, som heile vegen har vore ein viktig støttespelar og medarbeidar i bedrifta, kunne Asbjørn slå fast at dagen hadde vore svært vellykka.
– Tidspunktet var ideelt for der me var i utviklinga vår, og etter opninga er me komfortable med at det er behov for oss som leverandør i eit av de mest aktive landbruksdistrikta i Norge.
Kompetansesenter for JAGUAR
I jubileumsåret 2023 har Velde Maskin AS elleve tilsette, og verksemda har vakse jamt og trutt, og i omsetning. Opp gjennom åra er det mellom anna selt 150 nye traktorar, over 100 gjødselvogner frå Conor (som Velde Maskin er importør av) og 16 nye og brukte CLAAS JAGUAR.
– Me har i dag tre servicebilar som me nyttar i heile distriktet vårt. Vårt slagord #fådetiorden pregar heile butikken – og er truleg ein sterk medverkande årsak til suksessen med opplever. Med elleve dyktige og motiverte medarbeidarar ser med lyst på framtida.
– Takk for tillit frå gode kundar gjennom 20 år, og velkommen til oss også framover, står det å lese i bedriftens 20 års-jubileumsbrosjyre.
PS: Laurdag 20. januar inviterar Velde Maskin til feiring av jubileet. Sjå Velde Maskins facebook-side for meir informasjon.