Møt det unge gardbrukerparet Lisa (22) og Jonny (28) på Karmøy.
Blåsenborg gård, Karmøy i Rogaland, 3. juni 2018
Ute på vindfulle Karmøy, nærare bestemt på Blåsenborg gård, driv Lisa Langåker (22) og mannen Jonny (28) med melkekyr og sau. Det unge gardbrukerparet trives godt med tilværelsen, til tross for at dei ikkje har så mange kollegaer i same alder.
– Jo, det er kjekt det. Det er ikkje så mange som er unge, så det er litt stas og nesten vera den einaste. Nå er det snart to år sidan eg overtok, og før det så har pappa holdt på i alle år, så eg har eigentleg vore med i drifta i mange år, fortel Lisa, som gjekk tre år på Tveit videregående skule, før ho overtok.
Det var aldri noko tvil om at du skulle bli bonde?
– Nei, det var det ikkje. Det har eg sagt sidan eg var bitte liten. Då skulle eg bli Karmøys største damebonde.
Båsfjøs og sau på talle
I dag har ho så godt som nådd målet, men sjølv om det ikkje er så mange andre unge kollegaer, er miljøet godt.
– Det er blant anna eit ganske godt sauelag. Der har me ofte samlingar både med gjetarhundar og me har fagmøte. Eg er med i styret, og det er eit kjempegodt miljø, fortel Lisa.
Dyra på garden er som dei ofte er i Rogaland, plasserte både i høyden, og i fleire hus.
– Me har eit båsfjøs til 24 melkekyr, akkurat no er det 19 som melkar. Oppe på låven, i same driftsbygning, der har me et par og tjue ungdyr, mest kviger og eit par stutar. I tillegg så har me 80 vinterfôra sauer som står i eit anna hus. Og så har eg to gjetarhundar, smiler 22-åringen.
Lysegrønn bryllupsekvipasje
Som ektemann og samarbeidspartner fann Lisa ein ganske så erfaren kar, særleg med tanke på gardsdrifta.
– Jonny har vore avløysaren vår i 12 år, eller avløysaren til pappa, da. Før me fann ut at me var «kjekke», me to, for kvarandre. Så då ble det oss to, og nå har me vore saman i fire år.
Og da paret skulle gifta seg hausten 2017, var det ein noko utradisjonell skyss dei valgte.
– Me ville gjera noko spesielt, som ikkje så mange andre har gjort før. Så me lånte ein fet CLAAS av Velde Maskin, som brudetraktor, seier Lisa med et stort smil.
At faren i sin tid kjøpte CLAAS, fortel Lisa at skuldast eit godt forhold til den lokale forhandlaren Velde Maskin.
– Han har vore en sånn som har likt å prøva nytt. Så han var den første som hadde CLAAS på Karmøy, og så fekk han så godt forhold til Asbjørn som selgar, så det blei til at han kjøpte alt der. Rett og slett.
Og nå har du arva både maskinar og det gode forholdet?
– Ja! Me har etter at me tok over kjøpt både ein ny traktor og ei ny rundballepresse, fortel Lisa.
Vil bygge til robot
Kvardagen som ung melkebonde, trives Lisa godt med.
– Det er jo eigentleg ganske kjekt, men eg er ikkje noko morgenmenneske, så det er tungt å stå opp. Målet er med tida å bygga ut og få ein melkerobot. Då blir det påbygg på denna driftsbygningen, men det får me sjå når det blir.
Tilgang til meir melkekvote er det Lisa ser som den største utfordringen for å auka produksjonen, for akkurat jordressurser har dei ein god del av.
– Vi er heldige og har fått tak i mykje. Pappa har vore flink og snakka med folk, og fått mykje god jord. Totalt er det nesten 600 mål med beiter og slåttar, og av de er det rett over 300 mål med slåttemark.
Årlig produserar dei rundt 1 200 rundballer i året, kor 800-900 til eigen drift, resten selges.
Lite fôr og lite vatn
Når me besøker Lisa og Jonny 3. juni, er dei midt i førsteslåtten.
– Det er travelt! Mykje som må fiksast, men det er kjekt når det er fint vær, smilar Jonny.
I ettertid veit me kor utfordrande 2018-sesongen blei, men allerede i juni lyste varselsignalene hos den unge bonden.
– Det er litt lite vatn, og litt lite fôr. Men det er jo grønt og fint, så det kan hende det er litt kvalitet i det. Det får fôrprøvane visa.
Bra rundballer – uten ensileringsmiddel
Lisa og Jonny har en heilgrøn maskinpark, både slåmaskin, rive og presse er i tillegg til traktorane av merket CLAAS. Og kombinasjonen av grøn traktor og grøn presse, den er Jonny godt fornøgd med.
– Det funkar eigentleg ganske bra. Føler kanskje det er ein litt liten traktor. Det kunne vore ein ARION 460 med 20 hestekreftar meir, det hadde ikkje gjort noko. Men det går fint her på våre marker, det er når eg er på leigekjøring, på dei brattaste plassene, at pressa blir litt tung, fortel Jonny.
Rundballane synes han for øvrig blir bra, etter at dei presses og pakkes av kombipressa.
– Det blir fine rundballar med fint gras inni. Og dei held seg ganske bra i løpet av vinteren. Me kjører uten ensileringsmiddel, og hiv så minimalt med fôr i løpet av ein vinter, at me føler det ikkje er noko vits.
Vil veksa
Før me reiser frå Karmøy, vil me gjerne ha svar på korleis det unge gardbrukerparet trur drifta er om 10 år.
– Me håpar me har fått bygd ut til lausdrift og melkerobot. Og har endå meir sau. Og endå meir ungdyr, og oppfôring av stuter.
Så det er liv laga å vera ung bonde på Karmøy?
– Så lenge me får tak i melkekvote, så vil me satsa vidare ja!