Hopp til innhold
  • Aktuelt
  • Kampanjer
  • Produktomtaler
  • Kundereferanser
    • CLAAS grashøsteutstyr
    • CLAAS traktor
    • CLAAS tresker
    • Horsch
    • Multiva
    • Lemken
    • Bogballe
    • Øvrige redskapsmerker
  • Kontakt oss
Meny
  • Aktuelt
  • Kampanjer
  • Produktomtaler
  • Kundereferanser
    • CLAAS grashøsteutstyr
    • CLAAS traktor
    • CLAAS tresker
    • Horsch
    • Multiva
    • Lemken
    • Bogballe
    • Øvrige redskapsmerker
  • Kontakt oss
Søk
Lukk

– Den er veldig god å køyre!

Lina Kvålseth driv trafikkskule med CLAAS ARION 440. Som elevane let ho seg imponere over komforten og eigenskapane til traktoren.

Året er 1996, og Lina Kvålseth frå Kviteseid i Vest-Telemark har nettopp greidd førarprøva i klasse B. Køyretimane var nok krevjande som for alle nye bilistar, men det var likevel gleda over å køyre sjølv, som Lina hugsar best.

– Eg tenkte allereie den gong på å bli trafikklærar, det var så moro å køyre!

Ein sjanse som ikkje kunne missast

22 år seinare står Lina nede ved lokala ved breidda av Kviteseidvatnet, som eigar og drivar av Kvålseth Trafikkskule. Etter at ho flytte til heimbygda i 2014 har ho utvikla bedrifta og opplæringstilbudet til både å gjelde førarkort inna klassene A, B og T.

– Eg var litt heldig, for han som køyrde her i området før var litt lei av å drive trafikkskule, og hadde bytt jobb for å bli sensor. Han ringde meg og ville at eg skulle ta over. Det var ein kjempesjanse – den må eg bare ta om eg skal koma meg heim!

Lina hadde nemlig odel på eit småbruk, kor ho nå ville ta over.

– Det har alltid vore i tankane mine, fortel Lina.

Se videointervju med Lina under:

Elevar frå heile Vest-Telemark

I utgangspunktet var det nok å gjera for éin person, bare å drive opplæring for bil. Men Lina ville meir, og litt etter litt har ho utvida tilbodet.

– Det var heile tida målet mitt, å tilby eit breiare tilbod. Særleg med tanke på dei som bur litt grisgrendt.

Elevane kjem frå heile Vest-Telemark: Vinje og Tokke i vest, Fyresdal og Nissedal i sør, Seljord og Hjartdal i øst, og sist men ikkje minst heimkommunen Kviteseid.

– Det er hektisk, mykje å gjera. Så det blir seine kveldar, spesielt med traktor. For elevane skal helst ikkje ta fri frå skulen, så då må eg vera litt fleksibel, å kunne køyre med dei etter skuletid. Det kjem elevar som gjeng på vidaregåande skule på Dalen, då tar det ein time å køyre frå Dalen til Kviteseid. Så då kjem dei fire-halv fem, og køyrer ein dobbelttime da, fortel Lina.

Eit viktig tilbod i distriktet

Det var i mai i år at ho køyrde sine fyrste opplæringstimar med sin ny innkjøpte traktor, ein CLAAS ARION 440.

– Eg synes det er moro, det er artig å drive med. Traktorelevane er ein triveleg elev-masse, dei er interesserte og motiverte.

Siden mai har ni elevar fullført opplæringsløpet, og 6-7 nye er på god veg til å få «traktorlappen». Ambisjonen er at antalet når minst 30 i året.

– Det er noko med det å tilby det til dei som bur her. Eg har kanskje ikkje direkte ansvar for å gjera det, men når eg fyrst har lyst og trivast med dette, då set eg i gang. Eg har alltid køyrd traktor heime, og vokst opp med det. Det var ein kamp om å flytte traktoren 20 meter når me skulle tømme hesja. Skulle eg eller bror min, ler Lina.

Mykje for pengane

Då ho sjølv skulle handle traktor, starta leitinga på finn.no.

– Eg såg etter ein traktor som ikkje var så gamal, og som ikkje hadde gått så mange timar. Også måtte den ha eit greitt passasjersete, og sjølvsagt oppfylle krava i forskriften for trafikkopplæring og førarprøve klasse T.

– At det blei CLAAS skyltes at eg synes eg fekk mykje traktor for prisen. Trøndelag Traktor (nå Lena Maskin avd. Verdal) solgte denne for ein kunde, som ikkje kunne drive lenger på grunn av helsa. Han måtte kvitte seg med traktoren, så det var ein god pris. Også kjende eg til Bergan Maskinsalg frå før, dei hjalp oss ein del nede i Tønsberg, då eg arbeidde for ein trafikkskule der. Eg visste at dei kunne montere den klar for undervisning, og at dei hadde god erfaring med CLAAS. Det er jo litt vinn-vinn, tenkte eg.

Satsar på auka rekruttering

Traktoren blei kjøpt usett og deretter sendt til Bergan Maskinsalg, som montera ekstra bremsepedal og speglar. Då traktoren var klar, vart den sendt til Bergans avdeling i Bø, kor Lina reiste for å sjå den for fyrste gong. Bergan ordna også med hengar, som både er godkjent for opplæring for 40 og 50 km/t traktor-førarkort.

– Trafikkskulane kan få fritak frå det å ha eigen godkjent 50 km/t-traktor i opplæring, fordi det kostar for mykje å ha to traktorar. Med hengeren min kan eg likevel tilby opplæring for både 40 og 50 km/t, forutsatt at eleven sjølv stiller med ein 50 km/t-traktor eller at eg får låne ein. Eg kunne sjølvsagt tenkt meg en 50 km/t-traktor, men så er det det med pris att.

Sjølv brukar ho traktoren litt heime, men ho er innstilt på at den vil bli stående i periodar.

– Det er kanskje prisen å betale når ein er i etableringsfasa. Kanskje får eg elevane som tar traktorsertifikat nå, til seinare å komme for å ta bil.

Langsiktig investering

Når me spør Lina om traktoren har fungert, kjem svaret kontant.

– Me har bytt ein følar på AdBlue, det har vore den einaste feilen.

– Traktoren er veldig god å køyre. Eg var ute og køyrde litt med sensor før me tok fyrste prøva, og han sa det samme. Me var einige om at den er stille her inne i hytta, mjuk og fin i giringa, også liker eg ergonomien, særleg i forhold til giringa. Eg synes den er veldig god å køyre! Eg kunne ikkje tenkt meg nokon annan traktor, og passasjersete er heilt greit for meg og. Denna traktoren kan eg sikkert ha i opplæring i 15 år, før jeg byter den.

Hett tips: Øv meir heime!

Lina møter ofte elevar som har køyrd mykje traktor, som mestrar køyretøyet godt, men som likevel har behov for fleire køyretimar. Ho sitt tips er derfor å øve meir heime, og då særleg på veg.

– Det er mange elevar som har køyrd veldig mykje, men dei har ikkje kompetanse nok om det trafikale. Samhandling med andre i trafikken er det me trenar mest på. Det er eit stort ansvar, for traktoren er eit stort køyretøy. Du må planlegge litt med valg av gir både opp og ned.

I gjennomsnitt ender dei fleste opp med 10-14 køyretimar.

– Me køyrer ikkje fleire timar enn me må, så lenge måla er nådd. Det er mitt ansvar som trafikklærar, at måla i læreplanen er nådd, fastslår Lina.

I tillegg til den praktiske opplæringa, er det særleg målet om teoretisk kunnskap som er utfordrande for mange.

– Allereie før fyrste køyretime oppfordrar eg elevane til å byrja og lesa på teorien, og gjerne laste ned appen Teoritentamen. Det er ofte teorien som skapar mest utfordring, fortel Lina.

Traktorsertifikat anno 2018
– Trafikalt grunnkurs (17 undervisningstimar)
– Minimum 2 køyretimar (2 trinnvurderingar, ein på trinn to og ein på trinn tre. Dei blir målt på desse trinna. Er måla er nådd, går ein vidare til trinn tre. Trinn to er køyreteknisk, trinn tre er trafikal del).
– Lastsikringskurs (minimum 2 undervisningstimar)
– Leige av traktor til førerprøve (ca. 2 000,-)

Tilleggskommentar frå Lina: Alt frå 5 000 til 15 000,- for føraropplæringa (då er lastsikringskurs inkludert), kjem an på kor mange køyretimar eleven treng. Leige av traktor og trafikalt grunnkurs kjem i tillegg, pluss kostnader hjå Statens vegvesen for førarprøva.

Se brosjyre og les mer om CLAAS ARION 400 her.
DSC04847
DSC04853
DSC04859
DSC04860
DSC04865
DSC04867
DSC04870
DSC04872
DSC04874
DSC04875
DSC04876
DSC04879
DSC04884
DSC04893
DSC04895
DSC04902
DSC04905
DSC04910
DSC04911
DSC04913
DSC04916
DSC04921
DSC04926
DSC04927
Be om tilbud på CLAAS ARION

Lina Kvålseth
Årsmodell: 1978
Eigar av: CLAAS ARION 440
Bustad: Kviteseid i Telemark
Aktuell: Driv trafikkskule inna klassene A, B og T

Kvålseth Trafikkskule tilbyr opplæring for:

– AM146 (tohjulsmoped)
– A1 (lett motorsykkel)
– B (både manuell og automatgir)
– B96 (henger utan oppkøyring, tillatt totalvekt 4 250 kilo)
– BE (henger med oppkøyring, tillatt totalvekt 7 000 kilo)
– T (traktor med konstruktiv hastighet inntil 40 km/t)
– T141/148 (50 km/t-kurs for dei med T eller BE frå før)

Be om tilbud på CLAAS ARION

Fyll ut skjemaet for å bli kontaktet av din nærmeste forhandler.

Få AgroNytt helt gratis!

Få ferske nyheter, inspirerende kundereportasjer og nyttige produktomtaler direkte i innboks! Abonner på AgroNytt helt gratis

Registrer din epostadresse her:

CLAAS ARION 440 best i test, nok en gang

Norgestraktoren CLAAS ARION 440 kom rimeligst ut på servicekostnad.
Les mer

Landbruksmaskinbransjens viktigste rekruttering

Fra lærling til fagbrev – dette er våre nyutdannede landbruksmekanikere.
Les mer

Fire CLAAS XERION på vei til den norske fjellheimen

Presis Vegdrift signerte nylig kontrakten på fire multifunksjonelle redskapsbærere til veivedlikehold.
Les mer

Intensiv grovfôrdyrking med trofast høstelinje

Ivan Magne Fossan høster fem slåtter til mjølkekua.
Les mer

Norwegian Agro på Borgeby Fältdagar

Møt våre leverandører og norske representanter på Borgeby 29. og 30. juni.
Les mer

Jo mindre jorder, jo mer egnet er den sjølgående sprøyta

Minne Gård er nå på sjølgående sprøyte nummer tre, og ser seg ikke tilbake til en slepemontert.
Les mer

Magnar sikter mot økte avlinger med hyppig fornying av enga

Etter råd fra NLR blir ikke enga mer enn tre sesonger gammel hos melkeprodusenten.
Les mer

Nytt servicepunkt for Norwegian Agro i Namdalseid

Korsen Landbruksverksted skal serve Norwegian Agro-kunder med deler og service.
Les mer

Intensiv jordarbeiding for god gulrotvekst

Godt med løse jordmasser er essensielt i gulrotproduksjonen til Jæren Gulrot.
Les mer

Gode tips til rengjøring av tresker

Treskerkontrollør’n Ragnar Lensberg deler sine beste råd og tips.
Les mer

Høster inspirasjon og erfaring på andre melkebruk, før han skal hjem og ta over drifta

Bli med på førsteslått hos Brian og sønnen Andreas Pelle, på Kleiva gård i Nærøysund.
Les mer

Dina viderefører prisvinnende gårdsdrift med utstrakt beitebruk

På øyer og holmer driver Dina Arnø med produksjon av melk og storfekjøtt.
Les mer

Godt grovfôr gir god bunnlinje for Øystein Dalen

Stort innslag av raigras og tidlig slått, omfattende maskinsamarbeid og godt kollegialt miljø er suksessoppskrifta for Namdalsbonden.
Les mer

Isak (20) ser ingen grunn til å vente, overtar hjemgården fra nyttår

Bli med på førsteslått hos Arne Ivar og Isak Ramstad på Strand gård i Namdalen.
Les mer

6 000 feilfrie timer i CLAAS AXION

Hør hvordan Paulsen Maskin summerer erfaringene med sin CLAAS AXION 870.
Les mer

Øy-kompanjonger med lang erfaring som snittekusker

Bli med til Mosterøy og opplev førsteslått i regi av Hodnefjell Maskinstasjon.
Les mer

Magne satser på leiesnitting i havgapet

Bli med på JAGUAR-debutantens første oppdrag på øya Sokn.
Les mer

– Om vi ikke har den beste økonomien, har vi det beste arbeidet

Foran nybygd robotfjøs og gård kjøpt på det åpne markedet er Torjus Hetland sterk i troen på norsk landbruk.
Les mer

Gravemaskinsjåfør på dagtid, snittersjåfør til kvelds

Hver sesong sitter Ole Morten Byberg 150 timer i snitteren for broren Bjørn Otto.
Les mer

Egil og familien bygger og dyrker om hverandre

Nye fjøs og nye dekar dyrka mark, virketrangen er stor på Oanes gård.
Les mer

Velkommen til CLAAS grasdemonstrasjoner

Se oversikt over sesongens arrangementer og aktiviteter.
Les mer

Velkommen inn i en av verdens mest moderne traktorfabrikker

Hør om de store investeringene og fornyelsen av CLAAS-fabrikken i Le Mans.
Les mer

Administratoren Herbjørn Kolstad

Gjennom 30 år har entreprenøren fra Namdalseid skapt arbeidsplasser og en stor, økologisk matproduksjon.
Les mer

Verdifull læring av ubehandlet åker

Fridtjov Skjerve høster nyttig lærdom om gjødsla og plantevernmidlenes virkning.
Les mer
Hent flere

Om AgroNytt

AgroNytt er et kundemagasin fra Norwegian Agro Machinery, utgitt på både nett og papir. Ansvarlig redaktør for AgroNytt.no er Espen Syljuåsen.

[email protected]
www.norwegianagro.no