Hopp til innhold
  • Aktuelt
  • Kampanjer
  • Produktomtaler
  • Kundereferanser
    • CLAAS grashøsteutstyr
    • CLAAS traktor
    • CLAAS tresker
    • Horsch
    • Multiva
    • Lemken
    • Bogballe
    • Øvrige redskapsmerker
  • Kontakt oss
Meny
  • Aktuelt
  • Kampanjer
  • Produktomtaler
  • Kundereferanser
    • CLAAS grashøsteutstyr
    • CLAAS traktor
    • CLAAS tresker
    • Horsch
    • Multiva
    • Lemken
    • Bogballe
    • Øvrige redskapsmerker
  • Kontakt oss
Søk
Lukk

4 x CLAAS ARION til Presis Vegdrift

Snøbrøyting, strøing og kantslått ventar dei fire traktorane.

Frå Lindesnes i sør til Nordkapp i nord, entreprenørfirmaet Presis Vegdrift omset for nær 1,3 milliardar baserte på drift og vedlikehald av offentleg veg. I den omfattande maskinparken sin har det Bergen-baserte firmaet eit aukande tal traktorar, og siste påfyll heiter 3 x CLAAS ARION 460, og dessutan ein CLAAS ARION 430.

– Det er skikkeleg kult å få selja fire traktorar i éin handel, fastslår Sindre Hjelanes, dagleg leiar i H-Mek.

Frå venstre: Nils Roar Storlid-Haug og Sindre Hjelanes (H-Mek), Gaute Nedrevåg og Magne Legreid (Presis Vegdrift)

Velutstyrte traktorar

Norwegian Agro-forhandlaren med tilhald ein snau time aust for Bergen hadde nemleg overlevering av traktorane denne veka, og på klargjeringssenteret til Norwegian Agro på Hønefoss, stod dei fire traktorane «linet» opp.

– Det er snakk om fire firesylindra Stage V-godkjente traktorar. Ein ARION 430 (115 hk) med fronthydraulikk og tre ARION 460 (145 hk) med fronthydraulikk og front-kraftuttak. I tillegg har dei alle Nokian industrihjul, 110 l/LS-hydraulikkpumpa mi, QUADRISHIFT girkasse (16+16) med autogiring og SMART STOP, kløtsjfunksjon på bremsepedalen, fortel Hjelanes.

Sindre Hjelanes er eigar og dagleg leiar for H-Mek, Norwegian Agro-forhandlaren i distriktet frå Midt-Hordaland til sørsida av Sognefjorden.

Lokalt samarbeid

At det vart nettopp H-Mek og CLAAS som leverandør av dei nye traktorane til entreprenørselskapet, svarer teknisk sjef Ove Sending følgjande på:

– Det var på grunn av mekanikarane våre lokalt i Bergen, som har samarbeidet med Sindre frå tidlegare. Me har verken forkjærleik for CLAAS eller andre merke, men det kan hende me kan få – for Sindre har me trua på. Han er over snittet «på» og veit kva han snakkar om.

Så fort dei fire traktorane er ferdig klargjort skal dei sendast rett i arbeid, høvesvis i Hammerfest, Lakselv og to i Harstad.

– Der skal dei gå med vikeplog og strøkasse, eventuelt fres ved behov. Om sommaren blir det kantslått og om hausten er det brøytestikkesetting, fortel Sending, som håpar å nå 1 000 timar per eining.

– Me har ikkje hatt så mange traktorar hittil, det blir kanskje ti totalt med dei fire CLAAS-ene no, men ser for oss at det på sikt blir fleire. Desse fire skal stort sett gå på gang- og sykkelveg, der totalvekt er maks seks tonn, men no er det òg opna for å bruka traktor til brøyting av veg, i saman med lastebil, seier Sending.

Forhandlarsamarbeid: Dei fire CLAAS traktorane Presis Vegdrift blir sette rett i arbeid, og sjølv om avstanden er lang mellom H-Mek og Nord-Noreg, der traktorane skal operera, har Sindre og H-Mek lagt opp til samarbeid og bistand frå dei lokale forhandlarane, K. Simonsen Storbilsenter i Harstad og Total Maskinservice i Troms.

Norskprodusert vinterutstyr

Forutan CLAAS traktorane har Presis Vegdrift òg kjøpt mykje Duun-utstyr, og her har Sending gode erfaringar hittil.

– Duun er bra produkt! Me har kjøpt mykje av andre merke og, men når det gjeld snøfres og strøkassar, så ligg det an til å bli Duun framover. Både på grunn av kvaliteten, men også dialogen med Sindre og heile pakken rundt. Me har tru på at dette skal bli bra, avsluttar Sending.

Ekstra tryggheit: Traktorane er levert med utvida MAXI CARE fabrikkgaranti, inntil 5 år eller 5 000 timar.

Om Presis Vegdrift

Presis Vegdrift er eit selskap i Presis Infra med 17 drift og vedlikehaldskontraktar for Statens vegvesen og Fylkeskommunane. Me har ein liten men effektiv stab som har sterkt fokus på økonomi, teknisk/maskin, HMS og Kvalitetssikring. Me satsar på høg fagleg kompetanse på tvers av kontraktane.

Om H-Mek

H-Mek er forhandlar for Norwegian Agro i distriktet frå Midthordland til sørsida av Sognefjorden. Me driv med både sal og reparasjonar. Med tre fullrigga servicebilar og godkjent traktorverkstad, så er vi klare for oppdrag både med landbruk- og anleggsutstyr.

Se brosjyrer og les mer om CLAAS ARION 400 her.
Få tilbud

Få tilbud

Fyll ut skjemaet for å bli kontaktet av din nærmeste forhandler.

Få AgroNytt helt gratis!

Få ferske nyheter, inspirerende kundereportasjer og nyttige produktomtaler direkte i innboks! Abonner på AgroNytt helt gratis

Registrer din epostadresse her:

Publisert: 21. mars 2023

HORSCH med egen servicetekniker i Norge

David Larsen går fra CF Maskin til HORSCH.
Les mer

Publisert: 14. mars 2023

Grønn nysatsning hos Traktorservice

Inviterer til nyåpning som Norwegian Agro-forhandler 21. og 23. mars.
Les mer

Publisert: 14. mars 2023

Velkommen til årets vårdager

Se vårens aktivitetsoversikt hos landets Norwegian Agro-forhandlere.
Les mer

Publisert: 14. mars 2023

Skifter namn til Autagro Årdal og Autagro Møgedal

Årdal Landbruk og Møgedal Mek. Verkstad gjekk saman i 2020 for å stå sterkare i ein stadig tøffare marknad. No samlar dei seg også under nytt namn og profil.
Les mer

Publisert: 3. mars 2023

Hver tredje såmaskin selges av Norwegian Agro

Gjør suksess med markedets bredeste sortiment av såmaskiner.
Les mer

Publisert: 28. februar 2023

Tjue år med CLAAS traktorer fra Le Mans

Følg historien fra oppkjøpet av Renault i 2003 til dagens portefølje fra 75 til 530 hk.
Les mer

Publisert: 27. februar 2023

En lysegrønn start på treskeråret

Nær 60 prosents markedsandel til CLAAS i et svakt treskermarked.
Les mer

Publisert: 23. februar 2023

Rauch til Norwegian Agro

Godt etablerte Rauch forsetter sin satsing i det norske markedet med Norwegian Agro som importør og nasjonalt forhandlernett i Norge.
Les mer

Publisert: 28. oktober 2022

Michael Horsch om klimaendringene: – Bøndene i Norden er vinnerne

Høyere temperaturer vil gi større muligheter for nordisk planteproduksjon, mener grunnleggeren av HORSCH.
Les mer

Publisert: 19. oktober 2022

Nytt AgroNytt-magasin ute nå

Få AgroNytt nr. 2/2022 hos din lokale forhandler eller les digitalt her.
Les mer
Hent flere

Om AgroNytt

AgroNytt er et kundemagasin fra Norwegian Agro Machinery, utgitt på både nett og papir. Ansvarlig redaktør for AgroNytt.no er Espen Syljuåsen.

[email protected]
www.norwegianagro.no