Hopp til innhold
  • Aktuelt
  • Kampanjer
  • Produktomtaler
  • Kundereferanser
    • CLAAS grashøsteutstyr
    • CLAAS traktor
    • CLAAS tresker
    • Horsch
    • Multiva
    • Lemken
    • Bogballe
    • Øvrige redskapsmerker
  • Kontakt oss
Meny
  • Aktuelt
  • Kampanjer
  • Produktomtaler
  • Kundereferanser
    • CLAAS grashøsteutstyr
    • CLAAS traktor
    • CLAAS tresker
    • Horsch
    • Multiva
    • Lemken
    • Bogballe
    • Øvrige redskapsmerker
  • Kontakt oss
Søk
Lukk

Skifter namn til Autagro Årdal og Autagro Møgedal

Årdal Landbruk og Møgedal Mek. Verkstad gjekk saman i 2020 for å stå sterkare i ein stadig tøffare marknad. No samlar dei seg også under nytt namn og profil.

– For oss var det naturleg å stå samla under eitt felles namn  vidare, og det var naturleg at det blei Autagro som ein samlande paraply, fortel dagleg leiar i Årdal Landbruk, Stian Vadla.

Vidare fortel Vadla at det no også blir jobba med å presentere nye nettsider med integrert nettbutikk. Målet er å posisjonere seg i fleire marknadar. 

– Me ynskjer å styrke oss i marknaden også når det gjeld nettbutikk, og ikkje minst vere konkurransedyktige på pris, fortel han. 

Her er gjengen i Årdal samla, dei har god tru på at namne-endringa vil vere med å styrke posisjonen i marknaden. (Foto: Frode Haukalid)

Dagleg leiar i Møgedal Mek. Verkstad, Leif Bakka, ser positivt på namneendringa, og meiner det vil styrke begge lokasjonene i selskapet. 

– Me slo oss saman for å ein sterkare regional aktør med to salsdistrikt som ligg vegg i vegg. Dette namnebytet vil styrke arbeidet vårt og gi oss ein tydelegare profil, seier han.  

Begge bedriftene er nå godt i gang som forhandlar for Norwegian Agro og traktormerket Claas. Dei første traktorane er alt selde, og interessa for merket viser seg å vere god. 

– Både gjennom traktortester i landbruksmedia, tilbakemeldingar frå kunder og det me har sett og hørt om eksempelvis graslinja, så står Claas høgt. Det virkar skikkeleg, og Norwegian Agro virkar til å vere ein organisasjon som ser bonden og tar kundane på alvor. Det er tillitsvekkande, og det gjer at me har lyst til å vere med på deira reise, seier Vadla.

Gjengen på Møgedal er klar for namnebyte og nokre spanande vårmånadar. Her er det berre Simon Ritland og Tone Margunn Viken som ikkje er på biletet. (Foto: Omega 365 Design/Hanna Maria van Zijp)

Samarbeidet mellom dei to bedriftene går langt tilbake i tid. Geir Bakka overtok Møgedal Mekaniske Verkstad frå Knut og Asbjørn Møgedal i 2004, og i 2010 kom også brørne til Geir, Werner og Leif Bakka inn på eigarsida. Møgedal Mekaniske Verkstad starta opp i 1973 og fekk etter kvart ei avdeling i Årdal, som var grunnlaget for det som på 1990-talet vart Årdal Landbruk. Dermed er ringen på mange måtar slutta no. 

Om Møgedal Mek. Verkstad

Møgedal Mekaniske Verkstad vart starta av brødrane Knut og Asbjørn Møgedal i mai 1973. I 1985 flytta verksemda inn i nye lokalar ved Bergekrossen. I 2004 vart firma seld til Geir Bakka, som har arbeidd i firmaet sidan 1980. I 2010 kom også brødrane til Geir, Werner og Leif Bakka inn på eigarsida. Firmaet har ved fleire høve blitt kåra til Årets forhandlar, og mottok i 2001 prisen for Årets Suldalsbedrift. I november 2020 kjøpte Årdal Landbruk aksjane i Møgedal Mek. Verkstad, dermed har dei to bedriftene samla seg for å stå sterkare i ein tøff marknad. 

Om Årdal Landbruk

Årdal Landbruk starta som ei avdeling av Møgedal Mekaniske Verkstad heilt i byrjinga av 90-tallet. Etter ein kort tid ble eigarskapet lokalt, og Årdal Landbruk AS ble stiftet som eige selskap i desember 1993. Når Årdal Landbruk i 2020 kjøpte aksjane i Møgedal Mek. Verkstad blei på mange måtar ringen slutta. Som ein betydeleg leverandør av utstyr og maskiner til landbruket i Ryfylke skal selskapa også i fortsettinga yte service frå øvste hylle, og levere riktige produkt for dekke behova til alle dei flinke bøndene som driver jordbruk i regionen.

Få tilbod

Få tilbod

Fyll ut skjemaet for å bli kontaktet av din nærmeste forhandler.

Få AgroNytt helt gratis!

Få ferske nyheter, inspirerende kundereportasjer og nyttige produktomtaler direkte i innboks! Abonner på AgroNytt helt gratis

Registrer din epostadresse her:

Publisert: 21. mars 2023

HORSCH med egen servicetekniker i Norge

David Larsen går fra CF Maskin til HORSCH.
Les mer

Publisert: 14. mars 2023

Grønn nysatsning hos Traktorservice

Inviterer til nyåpning som Norwegian Agro-forhandler 21. og 23. mars.
Les mer

Publisert: 14. mars 2023

Velkommen til årets vårdager

Se vårens aktivitetsoversikt hos landets Norwegian Agro-forhandlere.
Les mer

Publisert: 14. mars 2023

Skifter namn til Autagro Årdal og Autagro Møgedal

Årdal Landbruk og Møgedal Mek. Verkstad gjekk saman i 2020 for å stå sterkare i ein stadig tøffare marknad. No samlar dei seg også under nytt namn og profil.
Les mer

Publisert: 3. mars 2023

Hver tredje såmaskin selges av Norwegian Agro

Gjør suksess med markedets bredeste sortiment av såmaskiner.
Les mer

Publisert: 28. februar 2023

Tjue år med CLAAS traktorer fra Le Mans

Følg historien fra oppkjøpet av Renault i 2003 til dagens portefølje fra 75 til 530 hk.
Les mer

Publisert: 27. februar 2023

En lysegrønn start på treskeråret

Nær 60 prosents markedsandel til CLAAS i et svakt treskermarked.
Les mer

Publisert: 23. februar 2023

Rauch til Norwegian Agro

Godt etablerte Rauch forsetter sin satsing i det norske markedet med Norwegian Agro som importør og nasjonalt forhandlernett i Norge.
Les mer

Publisert: 28. oktober 2022

Michael Horsch om klimaendringene: – Bøndene i Norden er vinnerne

Høyere temperaturer vil gi større muligheter for nordisk planteproduksjon, mener grunnleggeren av HORSCH.
Les mer

Publisert: 19. oktober 2022

Nytt AgroNytt-magasin ute nå

Få AgroNytt nr. 2/2022 hos din lokale forhandler eller les digitalt her.
Les mer
Hent flere

Om AgroNytt

AgroNytt er et kundemagasin fra Norwegian Agro Machinery, utgitt på både nett og papir. Ansvarlig redaktør for AgroNytt.no er Espen Syljuåsen.

[email protected]
www.norwegianagro.no